Under følgjer nokre moment som underteikna ser er problematisk når ein sakshandsamar søknadar for Bygland kommune innan motorferdsel.
– Det bør vere mogleg å delegere handsaming av søknader om motorferdsel inn i vernområder til områdeforlvalterar. I dag får vi søknad til kommunen, sender søknaden vidare til områderforvaltar av Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, områdeforvaltar gjer vedtak etter verneforskrifta, kommunen får kopi og gjere så vedtak etter motorferdsellova.
– I vår kommune gir vi vanlegvis løyver etter § 5 c i forskrifta for 4 år av gongen. Det bør ikkje vere tidsavgrensing på kor lenge eit løyve skal vere gyldig. Dette bør eventuelt vere opp til kommunane å avgjere tenkjer eg. Løyver bør kunne vere personlege ut frå familietilknytning til hytta.
– Transport av ved til fast bustad er ei uklar formulering. I dag er det mange eigedomar/gårdsbruk der eigar bur i anna kommune eller anna stad i kommunen. Ny lov må klargjere kva som meinast. Det bør òg klargjerast kva som er landbrukseigendom som driv næring.
– Transport av ved til eigne hytter. Kan det vere noko som eigar av landbrukseigendom kan gjere utan søknad på lik linje som transport til fast busetnad?
– Avklaring kva som kan gis tillating til av ulike motorarrangement i samband med festivalar og idrettsarrengement som: motorcross, enduroløp, vannsport, snøskuter på opent vatn, løp på islagt vatn m.m. bør avklarast.
– Gebyr for handsaming av søknadar bør vurderast. Ser at det alt er sendt ut høyring på dette.

Inge Olav Fjalestad