Lovverket ein har i dag er endra fleire gonger og framstår lite heilskapleg. Lov og forskrift overlappar på fleire område og gjer rom for ulik tolking og praksis. Det er viktig at nytt lovverk blir eintydig og enkelt å forstå, med tydelige formuleringar. Eit tydelig lovverk gjev mindre behov for utfyllande rettleiarar.

Ei generell vurdering er at lovverket ikkje fungerer etter intensjonen. Over store delar av landet ser ein kvart år saker i media om køyring med snøskuter som ikkje er heimla i lova. Dette til tross for særs høge bøtesatsar. Då bør det vera i alle si interesse at utvalet har ei innstilling og kjem fram med eit forslag til eit meir nyansert lovverk som i større grad legg til rette for lovleg motorferdsel, der ein tek omsyn til fleire behov og ynskjer. Loven bør opne for motorferdsel på stølsvegar og hyttevegar vinterstid, enklare etablering av øvingsområde, mv.

• Definisjonen av omgrepet utmark må takast inn i loven i eigen paragraf, slik at ein ikkje er avhengig av definisjonen i friluftsloven. Litt etter korleis ny lov blir utforma kan det og vera heilt naudsynt med ei eiga presisering av utmark
• Løyver skal i dag vurderast etter naturmangfaldlova. Det bør i større grad i loven presiserast kva vurderingar som skal gjerast, og kva moment som vil vera av avgjerande/av tyngre betydning. Kva føresetnadar må vera oppfylt for å få løyve? Vurdering av «samla belastning» er krevjande når ein behandlar enkeltståande søknadar om løyve. Nytt lovverk bør ta omsyn til korleis ein kan få betre vurderingar etter naturmangfaldloven.
• Utvalet bør vurdere ei større differensiering av motorferdsel vinterstid(snødekt mark) og sumarstid(barmark), då motorferdsel med beltekøyretøy vinterstid i langt mindre grad gjev skade på naturen(flora, busker og trær)
• Kunnskapsgrunnlaget for korleis ulik motorferdsel påverkar fauna må og oppdaterast og leggast til grunn for nytt lovverk
• «Speilvendingsprinsippet» bør fjernast(mfl. §3) og det bør i større grad opnast opp for køyring til stølar, hytter og fiskebuer gjennom forskrift framfor enkeltløyve. Dette vil redusere mykje byråkrati
• Utvalet bør vurdere om ein på ein god måte kan gje grunneigarar som driv aktivt med jordbruk/skogbruk av ein viss storleik, som t.d. har eit særskilt behov for å sjå til eller drifte eigedom, eit utvida handlingsrom for bruk av motoriserte køyretøy med heimel direkte i lov
• Det ligg delvis utanfor mandatet å vurdere reaksjonar og sanksjonar ved brot av loven. Hovuvutvalet i Vang meiner likevel at dette er eit moment utvalet bør vurdere, og at ein kan ta utgangspunkt i t.d. vegtrafikkloven §31. Dagens reaksjonar ved brot på motorferdellova(miljøkriminaliteten) virkar generelt til å vera i overkant høge og ikkje i samanheng med reelt skadeomfang
• Digitalisering av køyrebøker/dokumentasjon, og alt som kan forenkle er positivt

Ynskjer lykke til med arbeidet!

Med helsing

Hovudutval for utvikling
Vang kommune